torsdag 10. februar 2011

Gruppene til festivalen er klare!

Gruppene som skal spele på festivalen er:
  • Svorkbygda UL (Orkanger)
  • Te-Nord (Oslo)
  • Solsikke barneteater (Oslo)
  • Lista UL v/RaBalder Ungdomsteater (Farsund)
  • Gol UL (Gol)
  • Somaliland women solidarity Association (Oslo)
  • Teaterlaget i BUL Oslo (Oslo)
  • Chicas (Drammen)
  • Røyken vg Steinerskole (Røyken)
  • Mjeldalen UL (Osterøy)
  • Teater Bak Fram (Oslo)
  • Dance Mission (Oslo/Kongsberg)

fredag 12. november 2010

Barneteater på Norsk Amatørteaterfestival

Norsk Amatørteaterfestival er også open for barneteatergrupper.
Det vil bli lagt til rette for at minst 1/3 av gruppene som skal spele på festivalen vil vere barnegrupper.


Det vil i løpet av festivalveka vere to seminar om barneteater. Eit for barn og eit for vaksne. Det vil også vere ein workshop som er tilrettelagt for at barn kan delta.

onsdag 18. august 2010

NY norsk dramatikk!


Norsk Amatørteaterfestival ynskjer å trekke fram ny dramatikk for amatørar og i det høve har vi utfordra to grupper til å sette opp det same stykket under festivalen. Stykket dei to skal spele er skrive av Eirik Fauske og har fått tittelen "Stakkars deg".