
Frå leik til kunst – ein teaterworkshop for barn
Laurdag 28. mai kl. 14.30-16
Laurdag 28. mai kl. 14.30-16

7-10 år 12 plassar Trine Merete Sjølyst
11-15 år 16 plassar Miriam Sogn
11-15 år 16 plassar Miriam Sogn
Instruktørane:
Miriam Sogn har lang erfaring som skodespelar og kjend frå mellom anna Jul på Månetoppen. Ho har utdanning frå Teaterhøgskolen ved KHiO, pedagogisk utdanning og er instruktør i Kampen barneteater.
Trine M. Sjølyst er utdanna teater- og folkedansepedagog og arbeider til dagleg som prosjektleiar i Den Mangfaldige Scenen, Det Norske Teatret og i BUL Oslo.
Påmelding: Kurset er gratis og du kan melde deg på til andreas@ungdomslag.no
Seminar om barneteater for instruktørar
Fredag 27. mai kl. 13:30 – 16:00
Fredag 27. mai kl. 13:30 – 16:00
Seminaret tar opp spørsmål knytt til barneteater og kva som skal til for å løfte den kunstnarlege kvaliteten på barneteaterframsyningane våre. Vi legg opp til diskusjon om korleis ein kan sikre barns medverknad på ein god måte, korleis ein finn fram til tematikk som fungerer i møte med barn og korleis barnas leik kan tas i bruk i det kunstnarlege arbeidet.
Innhald:
Vi har invitert fleire dyktige instruktørar og pedagogar til paneldebatt. Dessutan blir det gruppediskusjonar og samtale med barn frå Solsikke barneteatergruppe ved Nordic Black Theatre. Målgruppa for seminaret er barneteaterinstruktørar, pedagogar, lærarar, medlemmar i NU og andre som jobbar med teater for og med barn.
Vi har invitert fleire dyktige instruktørar og pedagogar til paneldebatt. Dessutan blir det gruppediskusjonar og samtale med barn frå Solsikke barneteatergruppe ved Nordic Black Theatre. Målgruppa for seminaret er barneteaterinstruktørar, pedagogar, lærarar, medlemmar i NU og andre som jobbar med teater for og med barn.
Påmelding: Seminaret er gratis og du kan melde deg på til andreas@ungdomslag.no
Workshopkarusell. Lørdag 28.05 kl 10:00 - 14:00
På tidlegare festivalar har vi hatt gode erfaringar med kortkurs og denne gongen tar vi det enda eit steg. I løpet av i overkant av fire timar skal du kunne bevege deg mellom 4 stasjonar:
- Impro
- Slampoetry
- Avslapping/Yoga
- Bollywooddans
Teatersminkekurs Laurdag 28.mai kl 10:00-14:00
På sminkekurs med Torild Bratten frå Det Norske Teatret blir det fokus på karaktersminke.
Ver snar å melde deg på. Kurset har max 8 deltakarar.
Meld deg på til andreas@ungdomslag.no