Gruppene og framsyningane

Frå galne gudar og elskovssjuke nymfer


Gruppene og framsyningane

Teaterlaget i BUL OSLO

Teaterlaget til Bondeungdomslaget i Oslo er ei teatergruppe med medlemmar frå 15 til 63 år som både kjem frå Oslo og frå andre stader i landet. Dei siste året har gruppa hatt to produksjonar i året og dei har jobba med mellom anna stykke av Henrik Ibsen, William Shakespeare, Charles Dickens og Knut Nærum. Teaterlaget har vore med på Amatørteaterfestivalen tre gonger før og gler seg til å delta denne gongen òg.



Stakkars stakkars deg av Eirik Fauske, regi Thomas Storm 
Stakkars stakkars deg er ein einaktar skrive særskild til Amatørteaterfestivalen 2011 av festivaldramatikar Eirik Fauske. Gjennom monologar og fleirstemmer får publikum presentert fleire episodar med attkjennelig innhald frå barndom, ungdomstid og livet generelt. I midten av handlinga står Sofia, som ikkje alltid har det så lett. Instruktør er Thomas storm, født i Danmark og mellom anna utdanna ved Institutt for scenekunst i Italia. Her i Noreg har han leia og jobba med det nordiske Balteatret (1995-2006) og forumteater.









 TRIO + 1
Kjem frå Nordic Black Theatre si gruppe solsikke

Sigrid er opptatt av Mort.
Georg er adoptert fra India.
Luca drømmer om vinger.
og
Mumbi har en saxofon.
Solsikkebarna snakker rett fra levra.

Spilletid: 30 minutter





 
Chicas


CHICAS:

Chicas består av to teaterglade jenter som deltok på førre festival i 2009. Då framførte dei Vente på Godot av Samuel Beckett med Regnbue teatergruppe. Jentene har tar denne gongen ansvaret for alt sjølve, når dei skal setje opp Gi meg navnet mitt tilbake. Chicas har vore så heldige og fått hjelp av forfattaren Inger-Margrethe Lunde.

                                                                                                

"Gi meg navnet mitt tilbake" av  Inger-Margrete Lunde 
Stykket handlar om Laura Kieler, kvinna Henrik Ibsen brukte som modell til Nora i Et dukkehjem. Handlinga er lagt til eit asyl der tida har oppløyst seg og der Laura lar livet passere revy. Laura var aldri nokon lerkefugl, ho forfalska ikkje noko gjeldsbrev. Ho var inga Nora, men ein sjølvstendig dramatikar og forfattar. Skodespelet handlar om forholdet mellom Laura og Ibsen og om kvifor Ibsen utleverte og samstundes forvrengte hennar liv og handlingar.













GOL UNGDOMSLAG

“Opperasjon Lakafant”

Ide og manus av: Leif Otto Moen, Helge Svarstad, Olav Johannes Bøthun, Ingunn Granli og Marianne Øynebråten. Mesteparten baserer seg på tekster frå Hellbillies.



Handlinga går føre seg på Torpmoen, ein militærleir i Hallingdal, der tre karar er kalla inn til repetisjonsøving: Tolleiv er sonen til mor si, som aldri er langt unna fordi ho er redd han kan bli påvirka av nokon. Syver reiser gladeleg frå Gunvor sitt mas og kjas etter at dei flytta inn i det nye huset. Jimmy Embrik, pikenes jens, tar ikkje ting så alvorleg – her er det jenter å flørte med også. Oppdraget går ut på å halde vakt ved eit skåp. Skåp med hallingtradisjonar? Eller er det noko anna inni?


På Torpmoen råder Gamle Bryn’, ein sinna halling som vil ha alt ved det gamle. Kapteinen er ein infløtta halling som forsøker å modernisere innbyggjarane medan legesekretær Heite Hilde kanskje er litt vel dristig i klesvegen. Bigjit Lien driver kafeen der Gamle Bryn’ vil ha rakefisk med lauk og lefse, kapteinen vil ha sushi og Kule Knallert Kari kjem innom med posten. Kveldsøving og møter i skogen. Det blir nokon songar i stykket.












RaBalder UNGDOMSTEATER 

LISTA UNGDOMSLAG
RaBalder på facebook


STIGEN Ein politisk satire av den iranske forfattaren Dr. Gholamhossein Sa'edi er basert på Sa'edis drama Diktat og Corner skrive i 1964. Dette stykket er ein absurd komedie, ein humoristisk observasjon av politisk makt og ein samling av personligheiter med fokus på deira psykologiske tilstand. Ein gruppe menneske konfronterar kvarandre og lagar kaos for å kunne på toppen av stigen som symboliserar makt. Ved desse konfrontasjonane ser vi forskjellige variasjonar av menneskeleg oppførsel og oppdagar dens spontane humor og galskap. Kaoset er hysterisk morosamt og vi er i stand til å kjenne oss igjen i den moderne realitet gjennom latter.



Dr. Gholamhossein Sa'edi (1935 - 1985), var ein iransk sosialist, forfattar, dramatikar (under aliaset Gowhar Morad), redaktør og politisk aktivist. Han er best kjent for den iranske filmen Gavs manus (The Cow) av Dariush Mehrjui i 1969. Denne filmen var vendepunktet for “New Wave” innanfor Iransk film. På byrjinga av 1980-tallet gjekk Sa'edi i skjul i Tehran, klarte å flykte frå Iran og endte opp i Paris. Deprimert og sjuk døde han i eksil i Paris seint i 1985.





MJELDALEN UL

Mjeldalen Ungdomslag si vaksenteatergruppe består i år av 16 personar i alderen 20 til 45 år. Teatergruppa har lang tradisjon med teater og gruppa har fått eit godt rykte for gode prestasjonar og kreative løysningar. Det er fast tradisjon med premiere 17. Mai og dei siste åra er det blitt framført kjente stykke som mellom anna ”Bør Børson”, ”De Tre Musketerer” og ”Folk og røvere i Kardemommeby”. Gruppa deltok på NATF i 2007 med stykket ”I blanke messingen”.

 



Ronja Røvardotter

Mjeldalen Ungdomslag si vaksenteatergruppe vil framføre delar av ”Ronja Røverdatter”, skrive av Astrid Lindgren. Her møter ein sjølvsagt Ronja frå Mattis-slekta og Birk frå Borka-slekta. I tillegg blir ein kjent med Mattis, Lovise, Skalle Per og Borka. Utover det møter ein på røvarar, huldretusser og andre fantasivesen. Det heile startar med at Ronja blir født ei uværsnatt og vi møter ei uredd jente som er nysgjerrig på livet. Så møter Ronja frå Mattisborga på Birk frå Borkaslekta og historia er i gong med liv, lyst og dramatikk.


                                                                                                                      



RØYKEN STEINERSKOLE                               Gruppa er 2. klasse på musikkteaterlinja (MT) ved Røyken vidaregåande Steinerskole.


Bymusa og fjellmusa

“Bymusene som er vant til pizza, sushi, ferdigknekkede nøtter på pose, brus, tv og internett besøker sine harmoniske og stillferdige slektninger, Fjellmusene. Bymusene er ufordragelige og driver gjøn med Fjellmusene, som må knekke nøttene sine selv, drikker elvebrus, er blide, koselige og liker blomster og frisk luft. Bymusene tar med seg fjellmusene til byen for å innvie dem i "det søte liv". Men ting går ikke helt etter planen... Her møter vi på bøttevis av kulturkollisjoner, komiske og skumle situasjoner.”








SVORKBYGDA UL

Svorkbygda UL feirar 115 år i år. Det er ingen som veit kor lenge ein har spelt teater i ungdomslaget, men i løpet av åra har Svorkbygda Teaterlag sett opp alt frå revyar til store heilaftens komedier og farser. I nyare tid har gruppa spelt mellom anna Splint, Jeppe på Bjerget, Brødrene Østermann, Der fikk du og i 2010 var det "Den Spanske Flue" som blei sett opp med stor suksess. I år blir det Rett i lomma av Michael Cooney. Tradisjonen tru har stykket premiere på 17. mai, slik det har vore kvart år.



Karius og Baktus.

Kvart år skiper Orkdal IL til Orkdalsmessa, ei stor kunst- og handverksmesse som kvar gong har eit dedikert tema. Hausten 2009 var temaet frivillighet, og Orkdal IL leigde ein stor idrettshall der alle frivillige lag og organisasjonar kunne komme for å vise seg fram for publikum. Heile hallen vart fylt med stands, og Svorkbygda UL nytta seg av sjansen til å reklamere for kva ein står for og gjer i ungdomslaget.



Vi rigga til en stand som dei andre, men på baksida laga vi en liten "teatersal”. Karius og Baktus vart øvd inn og omtrent 300 vaksne og barn fekk sjå framsyninga i løpet av helga. Det heile vart ein stor suksess. At nær alle har ei t forhold til Karius og Baktus, og at dei fleste hadde sett det før gjorde ingenting. Svorkbygda UL og Svorkbygda Teaterlag fekk masse positiv omtale – og det hjalp nok godt på at Karius og Baktus spanderte karamellar etter kvar framsyning!



Te-Nord
Regi: Hanne Tosterud

Forestillingen er basert på Trude Marstein sitt stykke ”Meddelelser”.Stykket foregår på et venteværelse der barrieren for å åpne seg ovenfor fremmede mennesker har senket seg. Ventetiden er lang, og de ventende begynner å fortelle hverandre intime detaljer fra privatlivet sitt. De deler på mange måte samme skjebne, men er det noen som lytter?

Gjennom Lars Viks tekster fra ”Sneglegutten” og ”Aldri verden” får også barnas stemmer fortalt sine historier som er like fylt av voksent alvor.

























Trailer: Taushetsbrudd


Teater Bak Fram   "Elsker, elsker ikke.... å være redd"

Vi er nesten ikke redde for noe lenger. Vi har heldigvis vokst i fra det. Men selv om vi vet det ikke ligger monster under senga, er det greit å sjekke likevel. Selv om do-døra på skolen nesten aldri går i vranglås, er det greit å ha en do-vakt og selv om det ikke går noen bak oss, småløper vi hjem fra teaterøvinga på kvelden. Det er greit å være på den sikre siden.

Det verste er å være redd alene. Det er helt pyton!

Teater Bak Fram er en barneteatergruppe under Den mangfaldige scenen. De har, med instruktøren som veileder, improvisert fram scener og selv skrevet monologer med utgangspunkt i egen redsel. Barnas bidrag er satt sammen til en kollasj av ulike scener som både er morsomme, ekle og ærlige! Denne produksjonen har vært et samarbeidsprosjekt med barna i BULder og brak - hallinggruppa i BUL Oslo. Sammen skaper gruppene et fysisk og spennende uttrykk. Felespillerne Vegar Vårdal og Benjamin Kehlet skaper musikalske stemninger gjennom hele forestillingen. Anders Aasberg er koreograf og Trine Merete Sjølyst er instruktør.


Dance Mission



"Dance Mission" er inga fast gruppe, men ungdommar som blei samla saman av instruktørane Torill Schinstad og Marianne Dahl hausten 2010. Dansarane kjem frå Oslo, Asker, Jevnaker, Kongsberg og Moss. Vår "mission" er BARNLEK i Danmark i juli 2011. Det er eit nordisk folkedansstemne for barn og ungdom. Der vil vi vise danseforestillinga “Den norske helten” som er den du også får sjå her på Norsk Amatørteaterfestival. “Dance Mission” jobbar med scenisk folkedans men det er viktig for oss å formidle det tradisjonelle folkelige danseuttrykket.  

“Den norske helten” presenterer norsk folkedans bunde saman av ei historie om den norske folkehelten. Kven er han og kva for verdiar formidlar han? Du møter oppfinnaren, superelskaren og ikkje minst han som kanskje er helten i ein folkedansars liv; spelemannen. Ein orgie i nasjonalromantikk kunne dette fort ende opp i, men vi kan i staden freiste med humor, skråblikk, kjappe dansetrinn, fine scenebilete og mye energi. Du vil få sjå alle former for norsk folkedans: runddansen vals, polsdans frå Finnskogen som er ein bygdedans, formasjonsdansar eller turdansar som vi kallar det og song og dans i kombinasjon: songdans. Det er lov å trampe takta!

Spelemenn er Vegar Vårdal og Benjamin Kehlet