Monologkonkuranse og Huldaprisen

Monologkonkurranse


I monologkonkurransen på laurdagen utfordrar vi aktørar til kappleik i å framføre monolog. Det vankar ære og pokal til vinnarane. Ein breidt samansett jury kårar dei beste bidraga. Vinnaren blir kåra på festivalfesten same kveld..


Deltakarane vel sjølv kva monolog dei vil framføre. Finn fram eit gamalt glansnummer eller øv inn noko nytt! Spør oss gjerne om tips.


Meir info kjem etterkvart.





Huldaprisen

Fristen for å sende inn framlegg til kandidatar i 2011 er 1. april.
 

Hulda Garborg (1862-1934) var ei revolusjonær, moderne og handlekraftig kvinne. I 1899 stifta ho amatørteatergruppa Det Norske Spellag, som eit lag i Noregs Ungdomslag. Denne gruppa reiste rundt i Noreg og synte teater nærmast i kvar einaste bygd. Frå Det Norske Spellaget vaks Det Norske Teatret fram i 1913.


Huldaprisen delast ut anna kvart år, under Norsk Amatørteaterfestival på Det Norske Teatret. Festivalen er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret. 


Statuttar
Huldaprisen vert gjeve til einskildpersonar, lag, organisasjonar eller institusjonar som har arbeidd for å fremje og betre rammetilhøva for norsk amatørteater.


Arbeidet skal vere tufta på Noregs Ungdomslag sine grunntankar om opplæring, formidling og trua på einskildindividet som ressurs.


Det vil bli sett på som ein føresetnad at mottakaren av Huldaprisen i arbeidet har lagt vekt på å heve den kunstnarlege kvaliteten på amatørteatret.


Årets jurie består av:
Kristian Fjellanger, Jakob Bjerkem og Tanja Isaksen 


Tidlegare prisvinnarar:
2003 Mara Acantalicio
2005 Gogo Bakke
2007 Kjell Jostein Stavi
2009 Jakob Bjerkem