Om festivalen

I mai er det nok ein gong klart for Norsk Amatørteaterfestival på Det Norske Teatret. Det er femte gongen festivalen blir skipa til som eit samarbeid mellom teatret og Noregs Ungdomslag. Under festivalen vil du ha høve til å velje mellom eit breitt utval av kurs og 12 ulike framsyningar frå både NU og frå andre organisasjonar.

I tillegg til framsyningar, kortkurs, festivalfest og kortfilmprogram vil Norsk Amatørteaterfestival 2011 har eit sterkt fokus på barneteater. Det blir arrangert to seminar om temaet. Under paraplyen ny norsk dramatikk arrangerer festivalen eit skrivekurs for ungdom, som er vel verdt å få med seg. I tillegg har festivalen fått eit heilt nytt stykke spesielt for festivalen. Forfattar er Eirik Fauske og tittelen på stykket er Stakkars, stakkars deg.




Vil du vere publikum eller frivillig? Ta kontakt med Noregs Ungdomslag.