lørdag 28. mai 2011

KURS for alle

I dag er den STORE  kurs dagen og her skal det være noko for ein kvar smak.

- Workshop-karusell startar klokka 10:00 og har  
  nye kurs kvar time fram til kl 14:00. Her kan du velge
  mellom kurs i Bollywooddans, improvisajon, yoga og  slampoetry.

Kl 14:30 startar det teaterkurs for barn. 

Møt opp i Rosenkrantz gt . 8 eit kvarter før kursstart.

Vell møtt!

onsdag 25. mai 2011

Sjå bilete frå framsyningane

Dei første framsyningane under Norsk amatørteaterfestival 2011 vart vist fram tirsdag 24. mai på Scene 3 i femte etasje på Det Norske Teatret.

Du kan sjå bilete på Flickr her.

mandag 23. mai 2011

Festivalsekretariatet

Festivalsekretariatet  finn du i  BUL Oslo sine lokaler i Rosenkratzgt 8. 

Tysdag - Torsdag  12:00- 16:00 
Fredag - Laurdag   09.00- 17:00

Telefon: 95 41 79 10

Her skal du finne all informasjon om festivalen  og det er her du melder deg på  til kurs. 
Nesten alle aktivitetar utanom framsyningane finn stad her. 

fredag 20. mai 2011

SKRIV!

SKRIV! er eit landsomfattande skrivekurs initiert av Norsk teaterråd og Frifond. Målet med kvart einaste kurs er å tenne skrivegnisten hjå deltakarane, gi dei basiskunnskap i dramatikk og få dei meir interessert i teater som uttrykksform. Norsk teaterråd har hatt gode erfaringar med sitt SKRIV! kurs og vi er glade for å kunne presentere dette også for våre medlemmar.

Kurset går over 12 timar fredag, laurdag og søndag og er GRATIS.
Målgruppa for kurset er ungdom i alderen 14-18 år.
Send påmelding til andreas@ungdomslag.no 

fredag 29. april 2011

Delta på seminar om barneteater.

Frå leik til kunst – ein teaterworkshop for barn
Laurdag 28. mai kl. 14.30-16


Kurset gir barna høve til å reflektere over korleis dei sjølv ønskjer å ha det i sitt barneteater. Gjennom leik, øvingar og improvisasjon skal barna komme med innspel med utgangspunkt i fredagens paneldebatt. Dette blir eit spanande og annleis teaterkurs for barn! Skodespelar og instruktør Miriam Sogn og instruktør Trine Merete Sjølyst leier to kurs for barn i ulike aldersgrupper. Målet med kursa er å bruke barnas leik til å skape nye kunstutrykk og å gjere deltakarane medvitne på sine skapande evner.

Seminar om barneteater for instruktørar
Fredag 27. mai kl. 13:30 – 16:00

Seminaret tar opp spørsmål knytt til barneteater og kva som skal til for å løfte den kunstnarlege kvaliteten på barneteaterframsyningane våre. Vi legg opp til diskusjon om korleis ein kan sikre barns medverknad på ein god måte, korleis ein finn fram til tematikk som fungerer i møte med barn og korleis barnas leik kan tas i bruk i det kunstnarlege arbeidet. Vi har invitert fleire dyktige instruktørar og pedagogar til paneldebatt. Dessutan blir det gruppediskusjonar og samtale med barn frå Solsikke barneteatergruppe ved Nordic Black Theatre. Målgruppa for seminaret er barneteaterinstruktørar, pedagogar, lærarar, medlemmar i NU og andre som jobbar med teater for og med barn.

Les meir her

torsdag 7. april 2011

Vi treng frivillige!

Vi søker no etter frivillige til festivalen. Vi treng hjelp til ulike oppgåver.

- Rigging- hjelpe til med å bære utstyr og kulissar under prøver og mellom framsyningane.
- Festivalvertar - Er du kjend i Oslo. Du får ansvar for å bistå to grupper under festivalen.
- Workshophjelp - Stelle i stand lokaler og bistå workshopsjefen.
- Dikt og dugurd - Ansvarleg for å gjennomføre og styre lyd på dikt og dugurd.
- Seminar  - Hjelp under seminara

Som frivillig får bilettar til alle framsyningar + festen!