fredag 29. april 2011

Delta på seminar om barneteater.

Frå leik til kunst – ein teaterworkshop for barn
Laurdag 28. mai kl. 14.30-16


Kurset gir barna høve til å reflektere over korleis dei sjølv ønskjer å ha det i sitt barneteater. Gjennom leik, øvingar og improvisasjon skal barna komme med innspel med utgangspunkt i fredagens paneldebatt. Dette blir eit spanande og annleis teaterkurs for barn! Skodespelar og instruktør Miriam Sogn og instruktør Trine Merete Sjølyst leier to kurs for barn i ulike aldersgrupper. Målet med kursa er å bruke barnas leik til å skape nye kunstutrykk og å gjere deltakarane medvitne på sine skapande evner.

Seminar om barneteater for instruktørar
Fredag 27. mai kl. 13:30 – 16:00

Seminaret tar opp spørsmål knytt til barneteater og kva som skal til for å løfte den kunstnarlege kvaliteten på barneteaterframsyningane våre. Vi legg opp til diskusjon om korleis ein kan sikre barns medverknad på ein god måte, korleis ein finn fram til tematikk som fungerer i møte med barn og korleis barnas leik kan tas i bruk i det kunstnarlege arbeidet. Vi har invitert fleire dyktige instruktørar og pedagogar til paneldebatt. Dessutan blir det gruppediskusjonar og samtale med barn frå Solsikke barneteatergruppe ved Nordic Black Theatre. Målgruppa for seminaret er barneteaterinstruktørar, pedagogar, lærarar, medlemmar i NU og andre som jobbar med teater for og med barn.

Les meir her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar